Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Litteratursymposiet i Odda 2021

oktober 6 @ 08:00 - desember 12 @ 17:00

Litteratursymposiet i Odda går av stabelen 6. – 10. oktober 2021, med tema ATTRÅ.

Etter halvtanna år med sosial distansering skal Litteratursymposiet i Odda i år gi seg over til begjæret. Årets symposium skal utforske kva plass begjær, eigetrong og seksualitet har i litteraturen, og korleis begjær kan belyse trekk i tida. Vi skal pushe grenser, utforske kva som kan skje når lysta riv i kroppen, og dykke ned i begjær etter ressursar, makt og sjølvrealisering.

Attrå er i daglegtalen først og fremst knytt til erotisk begjær. Driftene djupt i oss skal utforskast gjennom arrangement om utroskap og monogami, sex i alderdomen og sex i Bibelen, lengta etter Bowie, om flørting og musikk og mykje meir. Vi går til kjeldene, og trekk linene til antikken og det meste kjende symposiet gjennom tidene: Platons Symposion.

Begjæret kan leie oss menneska utpå i dei mørkare delane av attrå: Begjær etter vald, til å straffe og kontrollere andre. Avhengighet etter alkohol, dop eller sosiale medie. Finst det i litteraturen eit rom for å diskutere dei vanskelege spørsmåla utan at det blir redusert til moralske forenklingar? 

 

Dei fleste av våre faste poster er med: Bikubegang med Frode Grytten, Smelteverket rundt på 100 minutt med Lars Ove Seljestad og Terje Kollbotn, Hallo Odda, Terapi med Grytten og Bergsvåg og Skrivekunstakademiet presenterer. Klassikarsamtalen i år handler om Marki de Sade, og Fotballdebatten går dit det er heitast for tida: til SK Brann. 

Litteratursymposiet i Odda har sidan den spede starten i 2005 utvikla seg til å bli ein av landets mest særeigne litteraturfestivalar: eit fem dagar langt gilde med litterære samtalar, debattar, opplesingar, konsertar, vandringar og overraskingar.

6 – 10. oktober 2021

Katalog med programdetaljer her eller på www.litteratursymposiet.no 

 

 

 

 

Detaljer

Start:
oktober 6 @ 08:00
Slutt:
desember 12 @ 17:00
Hjemmeside:
www.littsymp.no

Arrangør

Litteratursymposiet
Telefon:
48003958
E-post:
ingvild.ystanes@odda.kommune.no
Hjemmeside:
http://www.litteratursymposiet.no/

Sted

Sentralbadet litteraturhus
Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google-kart