Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Kvitanesen kjem til Odda

mars 20 @ 18:00

Velkomen til ei kveldsstund der tema er kortreist, humoristisk vinkla og med eit snev av poesi.

Gratis inngang og høve til å kjøpa forfriskingar.

Torbjørn Ljones også kjend som Kvitanesen vaks opp i Ulvik. Med lærarar, spelemenn og kjøgemeistrar i slekta og som odelsgut på ein bratt eplegard, fekk han innføring i både gardskultur og -arbeid og eit vindauge mot den store verda gjennom historier og bøker. Litteraturinteressa førte han til gymnaset på Voss og sidan på studier ved Universitetet i Bergen. I sitt vaksne liv har han arbeidd i skulen med base på Lillehammer, med større og større fokus på eigen skriving dei siste åra. Frå hausten 2021 er forfattarskapen heiltidssyssel med nye bøker og formidlingsprosjekt i kjømda.

Forfattar, formidlar og Facebookfenomen

Kvitanesen har gjeve ut to bøker på eige forlag (opplag på 1000) og skrive epistlar i avisa Hordaland annankvar laurdag frå 2008 til i dag. Kvar sommar dei siste åra har han turnert med opplesing og musikk på Vestlandet og han har vore innslag på lokale litteraturfestivalar. Pr. i dag har Kvitanesen 10.083 trufaste følgjarar på Facebook. Svært mange av desse les kvar dag ein liten tekst på Fb-sida til morgonkaffien og tekstane vert flittig kommentert og delt.

Detaljer

Dato:
mars 20
Tid
18:00
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/287300213516647

Sted

Sentralbadet litteraturhus
Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google-kart