Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Kampen om naturen

mars 13 @ 18:00 - 20:00

Kva natur skal vernast, for kven – og kan ein med skriveri frå kontorstolar og i aviser gjere ein forskjell?

Kor drastisk må ein vera for å påverka stat og styre, og kven skal heva stemma for naturen?

Amalie Kasin Lerstang og Guri Sørumsgard Botheim i samtale om sine nye bøker, og om enkeltmennesket si påvirkningskraft.
Guri Sørumgård Botheim har skrive «Høgfjellsmeldinga», som er ein poetisk pageturner om kontorliv, naturrestaurering og radikale meiningar. Ragna får i oppgåve å skriva ein NOU-rapport om villreinen og om fjellet si etiske stemme. Kollegaene meiner rapporten er nok eit papir for skrivebordsskuffa, men arbeidet løyser ut sterke reaksjonar.
Amalie Kasin Lerstang har i boka «Rikt er et folk som har skogen» undersøkt kva eit enkeltmenneske kan stilla opp med, når lokalområde blir truga av nasjonale planar. I lokalavisa les Eva Brattheim at ein firefelts europaveg skal byggjast rett gjennom skogen ho elskar å gå tur i. For Eva er saka klar, vegen må stansast. Men korleis?

Open kafe og bar.

Støtta av Kulturrådet og Fritt Ord.

Billettar HER

Detaljer

Dato:
mars 13
Tid
18:00 - 20:00
Kategori for Arrangement: