Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Jernrosa politisk litteraturfestival

april 29 @ 18:00 - mai 1 @ 01:30

JERNROSA Politisk Litteraturfestival er ein standpunktfestival og ein arena for den litteraturen som tar stilling i samfunnsdebatten og som prøver ut kva litteratur kan vera i det kontinuerleg foranderlege grensesnittet mellom litteratur og samfunn. Velkomen til festival!

Arrangør er Lars Ove Seljestad

BILLETTAR

PROGRAM FREDAG 29. APRIL

18.00 OPNING AV JERNROSA POLITISK LITTERATURFESTIVAL
Working Class Hero: Ketil Thorbjørnsen, gitar og vokal.
Velkommen: Lars Ove Seljestad, festivalleiar.
Opningstale: Roald Aga Haug, ordførar Ullensvang kommune.
Helsing: Anette Trettebergstuen, Kultur- og likestillingsminister.
Arbeidarsong: Internasjonalt kor, Odda.
UTDELING AV JERNROSA ÆRESPRIS
Lars Ove Seljestad, festivalleiar.
Arbeidarsong: Internasjonalt kor, Odda

19.00 DEI NOMINERTE TIL LOS LITTERATURPRIS
Zeshan Shakar, Cecilie Enger og Gulraiz Sharif. Forfattaropplesingar.
Introduksjon ved Julie Lødrup, juryleiar LOs litteraturpris.
Presentasjonar ved Bård Nylund, sekretær for LOs litteraturpris.

20.00 PANELSAMTALE OM DEN NYE ARBEIDARLITTERATUREN OG LOS LITTERATURPRIS
Zeshan Shakar, Cecilie Enger og Julie Lødrup. Ordstyrar: Leif Ekle.

21.00 KRIMFORFATTAREN SOM SPÅDDE ENERGIKRISA
Møt forfattaren og samfunnsdebattanten Hogne Hongset i samtale med
litteraturvitar og energipolitisk talsperson for partiet Raudt Sofie Marhaug
om kraftforsyning og krimlitteratur.

22.00 KONSERT Verdsmannen Thorbjørnsen.

PROGRAM LAURDAG 30. APRIL

12.00 PORTEN / SMELTEVERKSTOMTA
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT
Terje Kollbotn (historikk og politikk), Lars Ove Seljestad (fabrikkdikt), Ketil Thorbjørnsen (medvandrande trubadur), Odd Erlend Mikkelsen (gitar). Historisk-politisk-poetisk vandring på det nedlagte Odda Smelteverk.

14.00 ET STILLE LIV I ARBEIDERKLASSEN
Møt forfattaren og litteraturkritikaren Leif Ekle i samtale med Sandra Lillebø om Olgas bok.

15.00 YT ETTER EVNE, FÅ ETTER BEHOV
Møt forfattar Olaug Nilssen i samtale med litteraturvitar Sofie Marhaug
om behovet for ein fungerande velferdsstat og dei kvinnene og mennene
som gjer det nødvendige omsorgsarbeidet.

16.00 – 18.00 Middagspause

18.00 SNIKTITT PÅ EITRANES
Møt Lars Ove Seljestad og Peder Kjøs
i samtale om Seljestad sin kommande roman.

19.00 HOMO
Møt forfattar og redaktør Bård Nylund i samtale med Sandra Lillebø
om skeive perspektiv på samfunnet vårt og i arbeidarlitteraturen.

20.00 JERNROSAFOREDRAGET 2022
KVA GJEKK GALT MED NORSK ENERGIPOLITIKK?
Forfattar og samfunnsdebattant Hogne Hongset gir oss eit innblikk
i dei politiske prosessane som har ført fram til dagens situasjon
på kraftmarknaden.

21.00 JORD OG JERN
Møt forfattar og festivalleiar Peter Strassegger i samtale med forfattar
og festivalleiar Lars Ove Seljestad om bonde- og arbeidarlitteratur.
Ordstyrar Sandra Lillebø.

22.00 KONSERT MED SALONGÖRKESTERET I KNUSAREN
Peder Kjøs, Bjarne Træen, Rune Soløy, Bjørn Halvorsen, Bjørnar Olsen.

ARRANGØR: Lars Ove Seljestad

Detaljer

Start:
april 29 @ 18:00
Slutt:
mai 1 @ 01:30
Hjemmeside:
www.jernrosa.no

Sted

Sentralbadet litteraturhus
Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google-kart