Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Jernrosa 2020

24. oktober 2020 @ 13:00 - 22:00

JERNROSA Politisk litteraturfestival 2020.

I år blei LOs litteraturpris for nyskriven norsk arbeidarlitteratur delt ut for aller første gong.  Det er ei storhending som vi ynskjer å markera med eit stort arrangement på årets JERNROSA. Til dette arrangementet kjem prisvinnaren Atle C. Berge for å fortelja om romanen sin Puslingar og om Alexander Kielland-ulykka som dannar bakteppet for denne prisvinnande romanen. Amalie Kasin Lerstang, nominert til LOs litteraturpris for det kraftfulle diktverket Vårs og Lars Ove Seljestad, nominert til LOs litteraturpris for den sterke familieromanen Snøen stryk ut alle spor, kjem også for å fortelja om bøkene sine. 

Elles blir det sjølvsagt klassikaren Smelteverket rundt på 100 minutt med Terje Kollbotn som står for historikk, politikk og agitasjon, og Lars Ove Seljestad som les dikt om produksjonsprosessar og arbeidserfaringar frå Odda Smelteverk. Med seg på smelteverksvandringa får dei den kjende musikaren og Stordabuen, Endre Olsen, som omvandrande trubadur og den talentfulle oddingen Odd Erlend Mikkelsen som med sitt eminente elgitarspel  avsluttar fabrikkvandringa.

Etter ein liten middagspause trør vi til med arrangementet Den nyaste norske arbeidarlitteraturen der tre nye sentrale bøker blir presentert. Først ute er forfattaren Leif Høghaug med romanen Kælven som vart utropt til ein arbeidarroman for det 21. hundreåret. Deretter kjem forfattar Sandra Lillebø for å fortelja om den kritikarroste og omdiskuterte romanen Tingenes tilstand om å veksa opp med ei psykisk sjuk mor. Denne programposten blir avslutta med eit lyrisk-musikalsk stunt der oddingen Lars Ove Seljestad les frå den nye diktsamlinga si Lyden av stein som flyttar seg under vatn medan musikaren Endre Olsen rockar fram lyden av 1970-talet med nyskapande tolkingar av klassiske rockelåtar.  

Festivalen blir avslutta med ein stor panelsamtale rundt det retoriske spørsmålet Er alle nordmenn urban middelklasse? Alle dei medverkande forfattarane på årets festival er inviterte med for å diskutera korleis det står til med arbeidarlitteraturen i Norge i 2020. Og kanskje gi nokre bod på kva vi kan venta oss i framtida av norsk arbeidarlitteratur?

 

Sjekk fullt program og ytterlegare informasjon på festivalen si heimeside www.jernrosa.no

 

Grunna smittevern blir det i år berre seld festivalpass til årets JERNROSA. Festivalpass (som gir tilgang til alle arrangementa) kostar 450 kr og kan kjøpast på ebillett.no og Odda bibliotek.

NB! Grunna smittevern må alle publikummarar registrera seg med namn og telefonnummer. Hald 1-metersregelen og vask hendene ofte. Kun bordservering. Og viktigast av alt: Hald deg heime dersom du er sjuk. 

www.jernrosa.no.

Detaljer

Dato:
24. oktober 2020
Tid
13:00 - 22:00
Arrangement Tags:
,
Hjemmeside:
www.jernrosa.no

Sted

Sentralbadet litteraturhus
Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google-kart