Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Humorgalla med Roar Brekke og vener!

desember 16 @ 19:30 - 21:30

280kr

Saman med Roar Brekke har vi gleden av å invitera til Humorgalla på Sentralbadet Litteratuhus fredag 16. desember kl. 19.30.

 

Ingen førjulstid i Odda uten gapskratt! Derfor denne forestillinga der tre herlige, up and coming-komikarar (og ein eldgamal veteran) entrer scenen på Sentralbadet Litteraturhus. Tre hanar og ei høne i julekurven skal sørge for deilige latterbrøl denne kvelden.

Litt om dei fire:

 

Andreas Bach er ein hardtslåande komikar frå Bergen, som med glimt i auga leverer mørk humor av ypperste kvalitet. Ein ung tobarnsfar med mykje livserfaring, frå både kjærleikslivet og utallige dårlige yrkesvalg. I 5 år har han reist landet rundt og etablert seg som ein solid komikar.

 

Christine Sandvik er eit av dei store nye humortalenta i Bergen. Ho kjem med sitt skarpe blikk på morsrolla, dating for åleineforeldre og tidsklemma. Vittig og sjarmerande, og gjerne overraskande direkte.

 

Per-Owe Helle er kanskje den neste humorstjerna frå Bergen. På bare eit par år har han turnert Noreg rundt og skal vere med på Latter live sesong 5 på NRK. Aldri før har nokon fortalt så morosamt om diagnoser, kattar og livet. Nedturane er mange og tette. Men Per-Owe tenker at det er i nedoverbakke det går unna!

 

Roar Brekke treng forhåpentlegvis ikkje så mykje introduksjon i Odda – 25 år på baken som komikar, fleire heilaftens show og elsker å observera og finne humor i dei små kvardagstinga vi alle opplever.

 

Dørene opner kl 18.00 og baren er full av godsaker, velkomen til ein strålande førjulskveld!

Detaljer

Dato:
desember 16
Tid
19:30 - 21:30
Kostnad:
280kr
Hjemmeside:
https://roarbrekke.ticketco.events/no/nb/e/julelatter_sentralbadet

Sted

Sentralbadet litteraturhus
Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google-kart