Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Heftige band: Sandra Lillebø på Sentralbadet

mars 10 @ 19:00 - 20:30

110kr

Heftige band, TORSDAG  10. MARS, vart pandemiavlyst i 2021. No blir det endra igjen: Olaug Nilssen kan ikkje kome. Heldigvis står Sandra Lillebø sitt forfattarskap støtt eigne bein!

Sandra Lillebø har fått mykje merksemd i 2020, både innanlands og i Norden, for den svært kritikarroste romanen «Tingenes tilstand». Der møter vi ein hovudperson som må ta det vanskelege valet om å bryte med si psykisk sjuke mor, for å sjølv klare å leve eit godt liv som vaksen. Bruddet leiar til en rekke refleksjonar – som strekk seg fra barndom, til framtiden som vaksen kvinne med eigen familie.

I Lillebø si bok står sykdom og familiedynamikk heilt sentralt, og hennar skildring av tematikken har vore viktig for den offentlege samtalen om eit ofte skambelagt tema. Vi har invitert Lillebø til samtale om nære relasjonar, gapet mellom dei idylliske familiane slik dei framstillast i populærkulturen og dei kaotiske og ambivalente familiane slik dei kan vere i røynda. Korleis finne ein måte å leve saman, utan å bli spist opp av kvarandre? Kva når det ikkje går?

Møt Sandra Lillebø i samtale med Guro Kvalnes.

Velkommen til sentralbadet!

___________

Billettpris 100,- + 10,- billettavgift.

https://litthusodda.ticketco.events/no/nb/e/heftige_band_nilssen_og_lilleboe

Detaljer

Dato:
mars 10
Tid
19:00 - 20:30
Kostnad:
110kr
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/4821151717907874?ref=newsfeed

Sted

Sentralbadet litteraturhus
Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google-kart