Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Avlyst: HEFTIGE BAND: LILLEBØ OG NILSSEN

februar 19 @ 19:00 - 20:30

110NOK

Edit 15.02.21: Vi må diverre avlyse fredagens arrangement med Olaug Nilssen og Sandra Lillebø. Dei lokale koronarestriksjonane tillett ikkje å samle folk på kulturarrangement denne veka (heller).

Vi er i dialog med Lillebø og Nilssen om å finne ein ny dato litt seinare, med håp om at slikt vert mogleg etterkvart, men har ingen ny dato per d.d.

OM ARRANGEMENTET:

Sandra Lillebø har fått mykje merksemd og kritikarros i 2020 for romanen «Tingenes tilstand». Der møter vi ein hovudperson som har tatt det vanskelege valet om å bryte med si psykisk sjuke mor, for å sjølv klare å leve eit godt liv som vaksen. Olaug Nilssen vart nominert til Brageprisen for romanen «Yt etter evne, få etter behov». Der møter vi storfamilien til eit barn med autisme, kor alle familiemedlemmene spelar ei rolle i eit emosjonelt flettverk.

I både Lillebø og Nilssen sine bøker er vanskeleg familiedynamikk sentralt, og begge forfattarane har vore betydningsfulle for den offentlege samtalen om eit ofte skambelagt tema. Vi har invitert dei to til samtale om bøkene; om gapet mellom kulturens bilete av idealfamilien og den kaotiske, ambivalente familien slik han kan vere i røynda. Korleis finne ein måte å leve saman, utan å bli spist opp av kvarandre? Kva når det ikkje går, og det heile kjennest uforsonleg? Kva for frigjerande rom finst det for desse spørsmåla i litteraturen?

Møt Nilssen og Lillebø i samtale med Guro Kvalnes.

Arrangementet er støtta av Norsk Kulturråd og Fritt ord.

Smittevern:
Alle gjester må oppgi namn og telefonnummer på dei som skal bruke billetten, pga. krav om smittesporing. Kan registreres i døra.

Hald deg heime om du er sjuk eller i karantene.
Bordservering. Hald avstand til andre gjester.

___________
Billettpris 100,- + 10,- billettavgift.

Detaljer

Dato:
februar 19
Tid
19:00 - 20:30
Kostnad:
110NOK
Arrangement Tags:
, , ,

Sted

Sentralbadet litteraturhus
Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google-kart