HAUSTNATT: Dunbarrow, Drikk & teikn, spel og fanteri
oktober 19 @ 18:00 - oktober 20 @ 02:30
Sentralbadet inviterer til heilhusfest i haustmørket. Denne natta vert det mørke tonar frå proto-doom bandet Dunbarrow, Drikk og Teikn med Vilde Takla, spel, DJ og heksebrygg. Tør du kome?
Dunbarrow er bandet som gjennom eit tiår har smidd saman sitt eige karakteristiske uttrykk innan tungrocken. Med inspirasjon frå upolerte demo-taper frå 70-talet og svensk throwback-rock frå 2000-talet, konstruerar Dunbarrow hardtslåande låter utført med list som både fengar og overraskar.
Etter eit kort opphald frå konsertar i 2023 er bandet no klare for å servere nytt og gamalt materiale i ei sæle som svir.