Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

FRODE GRYTTEN – Snikkikk på Frode Gryttens roman «Den dagen Nils Vik døde» og katalogslepp for Litteratursymposiet i Odda 2023.

20. september 2023 @ 18:00 - 20:00

Snikkikk på Frode Gryttens roman «Den dagen Nils Vik døde» som kjem ut i slutten av månaden + Katalogslepp for Litteratursymposiet.

Over fjorden går han. Over fjorden utan å nøle. Over fjorden som så mange gongar før. Seint og tidlig. Morgon og kveld. I storm og stille. Mot aust og mot vest. Bare måsane følger han, dei mumlar og klagar, verkar unaturlig kvite der dei heng over båten. Nils Vik snur seg. Huset glir straks ut av syne. Neste gong han snur seg, vil han ikkje kunne sjå det.

I hjartet av Norge legg ein båt frå land. Vi følger Nils Vik på hans siste reise. Han er ein enkel mann med ein enkel jobb. Han skal få folk over fjorden med båten sin, han skal få dei heim igjen. Men det som ser enkelt ut, viser seg gjerne å vere meir komplisert.
«Den dagen Nils Vik døde» er som ein dødsmeditasjon over eit liv og eit landskap. Det er ein roman om ein mann som berre har elska ei kvinne, og som elsker henne framleis, og som no legg ut på si siste reise.
Arrangementet er støtta av kulturrådet og Fritt ord

Billettar her

Detaljer

Dato:
20. september 2023
Tid
18:00 - 20:00
Kategori for Arrangement: