Laster Hendelser

« All Hendelser

Forestilling: Babettes gjestebud

november 30 @ 19:00 - 20:00

100kr

Babettes gjestebud er ein av dei store humoristiske og djuptgripande novellene av den danske forfattaren Karen Blixen (1885-1962). Den kom ut i samlinga Skjebneanekdoter i 1958.

Babette er flyktning frå Paris. Ho kjem til eit lite bygdesamfunn i Norge, og blir innlosjert hjå to vaksne ugifte og strengt pietistiske søstre. Her blir Babette kokk, og lærar å lage velling, kålrotstappe og potetklubb. Søstre formanar henne om at «mat er kun for å gi næring, ikkje for nytelsens skuld». Babette blir hos søstrene i 14 år. Men før ho kom til Norge var ho kjøkkensjef på ein av dei mest eksklusive restaurantane i Paris, noko søstrene ikkje veit.

Skodespelar Gro Ann Uthaug har tilrettelagt novella for scenen. Ho framfører stykket åleine og spelar heile 9 ulike roller i den timen forestillinga varer. Regi er ved Einar Dahl, og produksjon ved Tema Teater. Sidan premieren i august har Babettes gjestebud vore på Norgesturné, mellom anna på eit utsolgt Sigrid Undsets hjem på Bjerkebæk. No kjem stykket til Odda og litteraturhuset.

Velkommen!

Pris: 100 kroner. Billett kan kjøpast på Ticketco, eventuelt i døra om det er fleire att.

 

Detaljer

Dato:
november 30
Tid
19:00 - 20:00
Kostnad:
100kr

Sted

Sentralbadet litteraturhus
Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google Map