Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Foredrag: Oddbjørn Lynghammar

november 27 @ 20:00 - 22:00

KJØP BILLETT

Røldøl og lokalhistorikar Oddbjørn Lynghammar presenterer ny bok:
«Fjellforteljingar»!

I fjor gav Lynghamar ut boka «Fjellfolket». No kjem «Fjellfortellingar», den andre boka med historiar og bilete frå Røldal og områda rundt.

I denne boka skriv Oddbjørn Lynghamar meir om folket i bygda, om turismen i bygda, om vegane våre og om røldølingar som reiste til Amerika for å søkja lukka der. Boka inneheld tekstar om Svndalsflona, anleggstida i 1960-åra og neddemminga av Valldalen, og du kan lesa om alt frå revahus og butikkar til drap, naturfenomen og hotell. Heile boka er full av både historiske og nyare bilete.

Boka kjem ut i byrjinga på desember. Velkomen på ein snikkikk på Sentralbadet fredag 27. november kl. 20.00

Pris: 50,-
Dørene og baren opnar kl. 20.00.

Hald avstand, og vask hendene ofte.
Bordservering.
Hald deg heime om du er i karantene eller er sjuk.

KJØP BILLETT

Detaljer

Dato:
november 27
Tid
20:00 - 22:00