- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Eg er, Eg er, Eg er: Poesikonsert for store og små
april 6 @ 13:00 - 15:30
Poeten Ruth Lillegraven og musikar Annlaug Børsheim kjem til Sentralbadet litteraturhus, og vi inviterer til poesikonsert for heile familien. Det vert både opplesing og musikalske tolkingar av dikta til Ruth, dikt som skildrar korleis det er å vere både ung og levande og gamal, korleis kjensler svingar frå vår til sommar til haust og vinter, å vere redd og å tore – blant anna.
Dikta er henta frå dei tre kritikarroste barnediktbøkene Eg er eg er eg er (2016), Skogen den grøne (2018) og Badesommar (2023), som alle er illustrert av Mari Kanstad Johnsen. Annlaug har tonesatt fleire av dikta til Ruth, først og fremst dikt frå boka Eg er eg er eg er. Musikken er inspirert av norsk folkemusikk i møte med andre tradisjonar og sjangrar og Annlaug speler både hardingfele, gitar og syng.
Billettar HER
Foto: Elisabeth Emmerhoff.