Laster Hendelser

« All Hendelser

DYLAN PÅ NYNORSK MED TOM ROGER AADLAND

november 21 @ 20:00 - 21:15

215kr

KJØP BILLETTAR HER.

Han har gjendikta Bob Dylan til strålande kritikkar, og blitt omtala som «ein tekstforfattar av stort format» og «ein melodisnikkar av dei sjeldne». No kjem rockepoeten Tom Roger Aadland til Sentralbadet Litteraturhus i Odda med Dylan på nynorsk og eigne, kritikarroste låtar i kofferten.

Det nye albumet hans, «Songfugl», har fått ei strålende mottaking. «Imponerende overbevisende», er VG sin kommentar, mens Fædrelandsvennen kallar Aadland «en av våre største rockepoeter» og meiner «Songfugl» er hans beste album til no. Aadland har samarbeidd med fleire forfattarar, og skreiv musikk til tittelmelodien då Kjartan Fløgstad gav ut songboka «Songharpesongar» i fjor.

Hausten 2016 – berre nokre veker før Bob Dylan fekk Nobelprisen i litteratur – gav Aadland ut albumet «Blondt i blondt» (Dylans meisterverk «Blonde on Blonde» gjendikta). Plata blei rost opp i skyene av kritikarane og kåra til Årets Album av NRK P1 Norsk på norsk. Same år var han mannen bak mange av tekstane på Hellbillies’ albumsuksess «Søvnlaus».

Aadland blei lagt merke til for alvor då han gav ut «Blod på spora» (2009) – ei nynorsk gjendikting av Dylans «Blood on the Tracks». Fredrik Wandrup i Dagbladet kalla Aadlands versjon av albumet «vakker og rørende», mens Aftenposten skreiv at «Blod på spora» var ein «imponerende fornorsket klassiker». Opningssporet «Vikla inn i blått» («Tangled Up in Blue») blei kåra til ein av tidenes beste norske coverlåtar av Tidal.

Responsen på albumet førte til omfattande turnering landet rundt, og då Bob Dylan ble eige universitetsfag, heldt Aadland opningsførelesinga på Blindern. Gjendiktingane hans har treft mange; då den nye biskopen i Stavanger ble vigsla, var Tom Roger Aadland det musikalske ønsket hennar og H.M. Kongen blant tilhøyrarane.

Tom Roger Aadland har gitt ut sju kritikarroste album, og er kjent for radiolåtar som «Alle dei i ei», «Eg må ha deg» («I Want You») og «Min beste ven på ein dårleg dag». Til hausten kjem eit livealbum innspelt i Oslo Konserthus med nokre av landets beste musikarar.

KJØP BILLETTAR HER.

Detaljer

Dato:
november 21
Tid
20:00 - 21:15
Kostnad:
215kr