Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Den nye fisken: Eit foredrag av Simen Sætre

oktober 1 @ 12:30 - 13:30

Gratis

Då vi temma villaksen og sette den nye fisken ut i naturen, starta store ting skje. Stader langs kysten fekk nytt liv, folk fekk arbeid og fleire blei milliardærar. Staten såg på det som eit eventyr, og velsigna framhaldet. Forfattarane Simen Sætre og Kjetil Østli skapte høge bølger med ein artikkelserie i Morgenbladet og Harvest om laksenæringa, og tek tema vidare i boka Den nye fisken. Dei spør mellom anna: Kva skjer dersom ein plasserer eit nytt dyr i fjorden? Korleis verkar det inn på dei andre fiskane og artane, fjordane og elvene? Kva skjer med forskarar som roper varsku, med dyrevelferd, føre var-prinsipp og skattepolitikk når myndighetene ønsker vekst? Forfatterne skriv om dei utilsikta konsekvensane av den fantastiske oppfinninga, laksen. Dei skriv oppdrettslaksen si historie.

 

Arrangementet er støtta av Norsk Kulturråd og Fritt ord.

Foredraget er del av Forskingsdagane 2022 på Sentralbadet, i samarbeid med Næringshagen i Ullensvang, Kraftmuseet og Frivilligsentralen.

Detaljer

Dato:
oktober 1
Tid
12:30 - 13:30
Kostnad:
Gratis

Sted

Sentralbadet litteraturhus
Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google-kart