Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Dag Steinfeld: KRIG OG FEDRE

januar 26 @ 19:00 - 20:00

100kr
Dag Steinfeld kjem til litteraturhuset i Odda, for ein samtale om krig og fred, klasse og konflikt, og om fedre.

I boka «Fedre og sønner» fortel han ei dramatisk soge om fire generasjonar i varm og kald krig. Frå han var liten, høyrde Steinfeld forteljingar om den jødiske familien sin på farssida. Dei hadde flykta frå fattigdom og forfølging i Russland på 1800-talet og etter kvart etablert seg med fleire forretningar i Noreg. Seinare døydde mange av dei i Auschwitz.

Steinfeld har brukt årevis på å avdekkja si eige familiehistorie og fortid. Fedre og søner står i konflikt med kvarandre i familien, som både spegar og står i kontrast til dei store rørslene i samfunnet: kald og varm krig, og økonomisk krisetid.

Velkomen til ein spanande kveld på Sentralbadet litteraturhus – der Dag Steinfeld samtalar om boka, og dei omveltande hendingane i verda som ligg til grunn for ho.

Billettar kjøprs på ticketco: https://litthusodda.ticketco.events/no/nb/e/dag_steinfeld_krig_og_fedre
Arrangementet er støtta av Fritt ord og Norsk Kulturråd.

Detaljer

Dato:
januar 26
Tid
19:00 - 20:00
Kostnad:
100kr
Hjemmeside:
https://litthusodda.ticketco.events/no/nb/e/dag_steinfeld_krig_og_fedre

Sted

Sentralbadet litteraturhus
Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google-kart