Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Boklunsj: Bortom allfarveg Vestlandet

april 25 @ 12:00 - 14:00

Forfattar og globetrottar Gunnar Garfors deler smakebitar frå boka «Bortom allfarveg Vestlandet».

Gunnar Garfors er forfattar, journalist, føredragshaldar og globetrottar. I 2018 blei han den første som for andre gong besøkte alle verdas 198 land. På fritida driv sunnfjordingen frå Naustdal mellom anna reisepodkasten Globusrulett og skriv for The Guardian. I gamle dagar jobba han over 20 år i NRK.

Boka hans «Bortom allfarveg» selde i 2021 ut på fire dagar og låg sidan 12 veker på topplista. Oppfølgaren «Bortom allfarveg Vestlandet» er hans fjerde bok, og frå scena tek han oss med på ei lettbeint og humoristisk reise over heile landsdelen vår.

Etter bokpresentasjonen inviteres alle reiselivsaktørar i Ullensvang kommune til ei samling for reiselivet på Sentralbadet litteraturhus. Visit Hardangerfjord og gir ein liten sniktitt på den nye profilen deira.

Detaljer

Dato:
april 25
Tid
12:00 - 14:00
Kategori for Arrangement:

Sted

Sentralbadet litteraturhus
Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google-kart