Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

FORSKARNATT – MILJØPUB

27. september 2019 @ 19:00 - 23:30

MILJØKLEMMA
I samband med forskningsdagane, arrangerer Kraftmuseet og Sentralbadet Litteraturhus Miljøpub på den internasjonale forskarnatta. Temaet er energi, klima og miljø. Odda sin identitet er sterkt samanbunde med den kraftkrevjande industrien, og både historisk og nyare forsking knytt til dette. Kor miljøbevisste er dei store bedriftane i Odda?

20.00 – Velkomen v/ Kraftmuseet. Forsking i Odda før i tida.
20.10 – Stian Seim, leiar for forsking og utvikling på Tizir Titanium & Iron: Hydrogenprosjektet i Tyssedal, og morgondagens løysninger for reduksjon i klimagassutslipp og energieffektivisering.
20.30 – Maria Førde Møll, avdelingsleiar for forsking og utvilkling på Boliden, Odda: Introduksjon om korleis Boliden eksternt og internt er ein del av ein sirkulær økonomi. Hos Boliden er det fleire prosessar i gang for å utnytta råstoffa i endå større grad, og vi får presentert eksemplar på detta.
20.45 – Pause
21.00 – Ida Maage Elstad har mange innovative prosjekt bak seg, og er klimaentusiast med fokus på den nye teknologien innan grøn energi. Innovasjon og mogelegheiter er der, det er berre å ta den i bruk!
Det er tid til spørsmål fra salen etter innlegga.
21.20 – Quiz – kor godt har publikum fulgt med? Laga vert satt opp i pausen.

For alle som er opptatt av klima og miljø, er dette ein flott sjanse til å få innblikk i korleis bedriftane i Odda jobber for ein ny, grøn revolusjon.
Arrangementet er gratis, og open for alle.

Detaljer

Dato:
27. september 2019
Tid
19:00 - 23:30