Espen A. Jacobsen – «Norgesferie» til Sentralbadet Litteraturhus 21. Mars 2024!
«Norgesferie»
Fram til utbrotet av første verdskrig brukte den tyske keisaren 23 somrar i Noreg. Desse årvisse, høgprofilerte besøka representerer på mange måtar starten for turismen som ei viktig næring i landet vårt. Odda og områda kring Sørfjorden var mellom keisaren sine favorittplassar i Noreg.
Teknologiske nyvinningar som dampskip og jernbane hadde gjort reising og persontransport enklare, raskare og meir effektivt. Og med framveksten av den moderne tid oppstod begrep som fritid og ferie. Då Noreg vart “oppdaga” som fascinerande reisemål, var slike ord fjernt frå røynda til dei som budde her. For nordmenn flest skulle det enno gå lang tid før livet gav rom for anna enn strev for å brødfø seg og sine. Dei opphavlege turistane var utlendingar.
Føredraget tek oss med til ei rekkje av stadene som bergtok keisaren og dei andre tidlege turistane. Nokre av stadene er framleis blømande turistmål og populære attraksjonar, andre har blitt gløymde. Nokre av dei tidlegare turistmagnetane utvikla seg etter kvart med større preg av anna verksemd. Nokre av desse stadene er no i gang med si neste framtid, med ny satsing på turisme og reiseliv.
Denne kvelden vil gi næring til dei nyfikne og reiselystne, anten me vil bruka fantasien til å oppleva Noregs mest spennande stader med keiser Wilhelms augo eller vi trivst best med å bruke våre eigne. Eit omfattande, unikt biletmateriale følgjer føredraget.
Som forfattar og fotograf står Espen A. Jacobsen bak ei rekke bøker om dei eineståande opplevingane som ventar oss langs kysten og ved fjordane i Noreg. Foredragsturnéen han hadde i 2022 «Vestlandsfjordene – verdens vakreste reisemål» kjem med en ny sesong, og han tek for seg fleire emne og tema frå utvalde stader og område. Han fortel om kjente og ukjente turistattraksjonar, om historie, kvardagsliv og samferdsel; kort sagt alt som gjer detta så fascinerande.
Jacobsen er kjent for sine muntre og engasjerande foredrag, med eit unikt foto- og biletmateriale som viktig ingrediens. Foredraga skapar reiselyst og inspirasjon, kanskje til den neste ferien eller til spanande helgeturar i valfri avstand heimefrå.
Har du kanskje gløymd litt kor spanande nærområde du lev i er? Sett av kvelden under vårjamdøgn på Sentralbadet litteraturhus!
Tilbod på Underdeilig! Knut Markhus si bok om reiselivshistoria i Hardanger.