Nyheter

Er du klar for Foreningen for By og Bygd?

Endeleg skal Odda få oppleve dette vare og poetiske bandet. LAURDAG 22. FEBRUAR kl 20.00 spelar dei på Sentralbadet litteraturhus. Dørene opnar kl 19.00.

KJØP BILLETTAR.

«Konsertane våre er lune og absurde møte i ei foreining du ikkje visste du var medlem i.»

Foreningen for By og Bygd sine kjerneverdiar er nynorsk, det skeive, country og americana. Dei spelar eigne og omsette låtar og synest teksten er halve poenget.Dei fleste songane er litt triste, men ikkje verre enn at vi alle har vore der.

Bandnamnet har dei lånt frå den tidlegaste homo-organiseringa i Noreg, frå tida då alt måtte være hemmeleg og diffust. I tillegg vinglar bandmedlemene stadig mellom by og bygd, slik alle gode folk gjer. Våren 2020 speler dei inn og gjev ut sin fyrste EP.

Vokalist Jens Kihl er politisk kommentator i Bergens Tidende og dekker i hovudsak det politiske biletet innanriks.  Hausten 2019 var Kihl aktuell med boka «Dette er også Noreg» (Samlaget) som handlar om dei mange kommunesamanslåingane i Noreg og konsekvensane av denne reforma (frå Wiki). Kihl er også kjend frå Nytt på nytt på NRK TV.

Helene Nilsen (song og gitar) er «heile Askøy» si ukrona country-dronning». I tillegg til å vere forskar på universitetet, er ho vertinne for den legendariske konsertserien Bergen Bonanza på musikk-kjellaren Underlig i Bergen. Saman med Jens har ho skrive og tonesett store deler av materialet til Foreningen.

Endre Aasebø (gitarar) hadde ein periode sitt eige radioprogram, Kirketid, på NRK P3. Han har og arbeidd med å køyre pensjonistar til kyrkja i Benidorm, spelt rolla som australsk cricketspelar i ein bollywoodfilm, vore korist på ei Lene Marlin-plate og vore privatsjåfør for rapparen Xzibit gjennom indre Sogn. Han speler i hundre andre band og har vore på fest hjå Bjørn Eidsvåg.

May Frida Bosch(trommer) kjem frå den rette sida av fjorden i Masfjorden og har delteke i Pokerfjes på TV2, der ho stakk av med tusenvis av kroner. Ho har nettopp spelt perkusjon med Rong Brass og sikra dei ein solid plass i teten i NM. May har vore ein del av musikkscena i Bergen i lang tid, mellom anna i bandet Kvit Skit( saman med Helene), AnotherBand, Tertnes Brass og ReSouza.

Hardanger (og Noreg?) sin eigen Lars Korff Lofthus speler kontrabass og korar. Han har også skrive nokon av låtane ein får høyre på konserten: – Eg har spelt i band heilt sidan vidaregåande, både folkemusikk, kyrkjemusikk, rock, viser og pop. Men at eg skulle havne i eit nynorsk country-band hadde eg ikkje sett for meg. Og eg likar at me kallar oss ei «foreining». Konsertane våre er lune og absurde møte i ei foreining du ikkje visste du var medlem i.

Konserten byrjar 20.00. Dørene opnar 19.00.

KJØP BILLETTAR.