Nyheter

Dagleg leiar gir seg

Dagleg leiar Joakim Sørå har hatt sin siste arbeidsdag på Sentralbadet litteraturhus. Etter to år går han no tilbake til sin faste stilling som spesiallærar på Odda barneskule. Avgjersla til Joakim om å gå tilbake til skuleverket etter endt engasjement, vart tatt før koronanedstenginga.  

      Det har vore mykje jobb, men kjekke år. Det har vore veldig interessant å vere med på oppbygginga opp eit hus som dette, der ein jobbar på så mange ulike plan: frå å etablere og drifte kursdelen i huset, jobbe med eigne og andre sine arrangement, setje ting i system og vere handyman, og drive med byutvikling. Eg er stum av beundring over den fantastiske dugnadsinnsatsen som vert lagd ned i å byggje opp og drifte huset, seier Sørå.

 

Styret for stiftinga hadde planar om å nytta våren til å søke etter og tilsetje hans etterfølgar. Slik gjekk det ikkje. Nedstenginga av samfunnet førte til at stiftinga tapte om lag ein halv million i inntekter våren 2020, og styret har ikkje funne rom for å tilsetje ny dagleg leiar i slike uoversiktlege tider.

          Timinga var utruleg dårleg for oss, seier styreleiar Ingvild Ystanes. Sparebanken Vest gjekk inn med midler til å profesjonaliserer huset i 2018, noko som gjorde det moleg å tilsetje vår første daglege leiar. Joakim har gjort ein strålande innstats som dagleg leiar i desse to åra. Målet var å løfte huset frå dugnad til profesjonell drift. Det har vi verkeleg fått til: i 2019 var det nesten 9000 besøkande på huset, på 200 ulike arrangement på huset. Litteraturhuset har befesta sin posisjon som eit viktig hus og møteplass i Ullensvang. Vi var klare for å halde fram det gode løftet, men vert no sett kraftig tilbake.  

Inntil vidare vil styreleiar Ingvild Ystanes fungere som dagleg leiar, saman med resten av styret og venelaget til huset.  Frå 1. oktober trer Tommy Tverdal inn i ei stilling som vertskap, for å serve utleige og arrangement på litteraturhuset utover hausten.

Vi takkar Joakim for stråladne innsats. Vi kjem til å sakne deg, og ynskjer hell og lukke på vegen vidare!