Nyheter

Bolstadelva. Bokprat med Karl Ystanes

Den entusiastiske laksefiskaren og journalisten Karl Ystanes har på oppdrag frå grunneigarane i Bolstadelva samla historia om elva opp gjennom tidene. Boka fortel om eventyrfisket etter den eineståande, store vossolaksen i Bolstadelva. Møt Karl Ystanes i samtale med Sven Olaf Brekke på Sentralbadet Litteraturhus i Odda.

ONSDAG 18. DESEMBER KLOKKA 18.00

Dei britiske sportsfiskarane som kom til Bolstadelva tidleg på 1800-talet, fann straks ut at dei trong sterkare stenger for å fanga verdas største atlantiske laks. Fiskarane i tweed vart byrjinga på ein lang og rik laksekultur på Bolstad. Dei eksotiske gjestene og dei enorme laksane som hang rundt på løeveggar, prega det vesle samfunnet nærmare 200 år, og ingen tenkte det kunne ta slutt. Alt var ein lang fiskefest på Bolstad, heilt til laksen brått vart borte rundt 1990, og elva vart stengd for fiske i 1992.

I dag er me i ferd med å gløyma dette fisket som var så rikt og viktig for fiskarar, for bøndene, fjordfiskarane, for kulturen og for samfunnet. Dette er boka om noko av laksefisket i Bolstadelva, om folka som fiska, dei som rodde for dei, som kokte for dei, dei som freistar finna ut kva som er gale med den flotte laksestamma, og dei som skal ta over elva og ansvaret.

Gratis adgang. Boksal.