Bli med!

Sentralbadet litteraturhus blir først og fremst drive framover av frivillege! Utan dei – ingen Litteraturhus!

Over 90 personar er med på venelagslistene. Nokon er med ofte, andre er med sjeldan – men felles for alle er at huset er avhengig av dei som har lyst til å gjere ein stor eller liten innsats.

Ein binder seg ikkje til noko arbeid eller arbeidstid, den frivillege er med på så mykje, eller så lite som ein vil. Arbeidet er svært variert, og du kan velge mellom kva du vil bidra med. Eksempel på arbeid er:
– Stå i cafe/bar.
– Vasking og rigging.
– Oppussing (riving, bygging, sparkling, maling osb).
– Billettsal i døra.
– Plakat- og banneroppheng.

Venelaget møtast kvar torsdag frå 11.00-13.00 på Litteraturhuset for ein kaffekopp og litt dugnadsjobb inni mellom. Vi har også kurs og festar for venelaget.

Alt i alt – mykje moro og lite stress!
ØNSKER DU Å BLI MED OSS?
Send ei melding, eller ring til Ingvild på 48 00 39 58.