Ukategorisert

BLACK HAUGE: Konsert med Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth Trio

På slutten av 80-tallet las Hauge sjølv inn 99 av sine beste dikt i studio. Dette opptaket utgjer ramma for ein poesikonsert der ein ny generasjon går i dialog med ein av våre ypperste diktarar. Hauge sine eigne innlesinger vert tonsette og improviserte, men også manipulerte.

Poesikonserten kan fungere både som ein introduksjon og re-aktualisering av Hauge sin poesi, samstundes som den viser korleis ein aktivt kan forhalde seg til eigen kulturarv og gjere den til sin eigen.

Om utøvarane:

Erlend Apneseth Trio har dei siste åra etablert seg som ein av dei mest nyskapande og kreative konstellasjonar her i landet, med sin særeigne blanding av tradisjonsmusikk, jazz og samtidsmusikk. Dei fekk Spellemannprisen for albumet «Salika, Molika» (2019).

Erlend O. Nødtvedt vart i 2015 kåra til en av Norges 10 mest betydningsfulle forfattere under 35 år av Morgenbladet. Han har gjeve ut fire diktsamlinger, to romanar, blant anna den kritikerrosa «Vestlandet», og fått ei rekke prisar for forfattarskapet sitt, deriblant Bjørnsonstipendet og Premio Ostana.»