Besøkstal for våren 2019
Sentralbadet litteraturhus har summert opp besøkstala for første halvår i 2019.
Det er gledeleg å kunne meddele at det har vore stor auke i aktiviteten i Litteraturhuset i Odda hittil dette året. Totalt har det vore 107 arrangement med til saman 4463 besøkande.
Av dei 107 arrangementa er det 63 utleigearrangement, 31 arrangement i Litteraturhuset sin regi og 13 samarbeidsarrangement, der Litteraturhuset har stått som arrangør saman med andre. Eksempel på samarbeidspartnarar er Kraftmuseet, Odda by, Iris scene, Skare bygdekvinnelag, Odda barneskule og Hardanger folkeblad.
Vi er godt nøgd med tala. Vi ser at huset blir brukt av svært mange og forskjellige brukargrupper. Vi har kulturelle og litterære arrangement, vekentlege kurs og dagkurs/møter, festivalar og debattar. I tillegg har Litteraturhuset prøvd seg som bar med annonserte opningstider. Dette har vore moro og har gjeve meirsmak, noko som blant anna har ført til at vi har ope Siderstove kvar laurdag i sommar frå 17.00-22.00.
I skrivande stund er det allereie fleire bookingar inne for hausten 2019, noko som lovar godt for eit hektisk og trivelg halvår på Sentralbadet litteraturhus.