Nyheter

BESØK AV 6B FRÅ ODDA BARNESKULE

Torsdag 7. februar var 6B frå Odda barneskule på besøk på Litteraturhuset. Elevane hadde med seg tekstar dei hadde laga på førehand, og no var det tid for å framføre tekstane for kvarandre i mikrofon i eit Litteraturhus.

Det var litt skummelt å framføre teksten i ein mikrofon, men etter at ein las opp først, heiv flere seg på etter kvart.

Lærar Margot-Helene Backer-Owe seier at det er kjekt å bli kjent med Litteraturhuset. Ho meiner det er positivt for elevane å flytte klasserommet ein annan stad. Dette skaper variasjon. – Det blir også ei anna tilnæring til litteraturen. Med opplesing i mikrofon i eit litteraturhus blir det ei meir høgtideleg ramme rundt det heile.

Klassen synest det var fint å ha ein litt annleis skuledag, og vi på Litteraturhuset ønsker 6B og andre skuleklasser hjarteleg velkommen tilbake.