Nyheter

Benedicte Maurseth – Systerspel

Velkomen til storslått konsertframsyning med Benedicte Maurseth onsdag 31. mai kl. 20.00 på Sentralbadet Litteraturhus!

Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og tale? Dei var her, og så vart dei borte? Systerspel, er ei bok skrive av Benedicte Maurseth om spelekvinner som spela fele frå 1700-talet til i dag. Eit verk omtalt som «en begivenhet» i Bokmagasinet i Klassekampen. Å spela fele var for menn. Det har me alltid trudd. Men Maurseth har leita fram kvinnene, frå skrift og munnleg tradisjon, og fortel om dei gjennom fakta og meddikting. Dei er fleire enn du trudde.

Konsertførestillinga byggjer på boka, og er ei historisk, personleg og nærgåande musikalsk forteljing om spelekvinner som var blinde og beinlause, som spela i bryllaup og til dans, og som vart både ovundra og hindra i å spela. Førestillinga tek opp kvifor spelekvinna ei tid forsvann og vart borte, for så å koma attende i tradisjonen, og om korleis finna sin plass som spelekvinne på ny.

«Resultatet er solid scenekunst.» Avisa Hordaland.

«Det er sjeldan å sjå og høyra at alle delane i eit slik prosjekt dreg så eintydig i lag, men i sentrum står Benedicte Maurseth og gjennomfører ein kraftprøve utan eit einaste feil- eller kvileskjer.» Salt Peanuts.

Medverkande scenisk:
Benedicte Maurseth – hardingfele, forteljing, lesing

Produksjon:
Hildegun Riise – regi, manusutvikling,

Birk Nygaard – scenografi, lys og videodesign

Mari Kanstad Johnsen – illustrasjon

Kieran Kolle – video
Rune Døli – grafisk design

Jørgen Træen  – lydkollasj

Benedicte Maurseth – komposisjon og manusutvikling

Billetter: https://litthusodda.ticketco.events/no/nb/e/benedicte_maurseth_systerspel__om_spelet_som_var_og_spelet_som_vart_borte