Nyheter

7B INNVIA FORFATTARSTOLEN

Fredag 22. mars og fredag 29. mars besøkte 7B ved Odda barneskule Litteraturhuset i Odda for å framføre tekstane sine. Først fekk elevane høre litt om historia til huset, og deretter var det tid for å avduke den nye stolen i huset.

I vinter har klassa arbeidd med leseprosjektet “Tid for ti”, der dei har lest utdrag frå ti ulike nynorskbøker. Med i prosjektet var ei skriveoppgåve der elevane kunne velge mellom to oppgåver: å skrive ein tekst om ein person dei meinte var snill og god, eller å reflektere rundt kva som gjer at mennesker ikkje alltid gjør gode og snille ting.

På Litteraturhuset har vi fått vår eigen forfattarstol, og det var moro at elevane fekk innvie stolen med å velge om dei ville sitte på stolen, eller stå, då dei las opp tekstane sine.

For mange var det ekstra stas å kunne lese i mikrofon. Dei fleste hadde ikkje gjort det før. Vi fekk høre tekstar som handla om gode venner, familie og kjende personar som til dømes; Barack Obama og Rosa Parks. Elevane syntes dette var ei kjekk oppleving, og at det var stas å framføre tekstane i eit ekte litteraturhus!

Info om forattarstolen
Litteraturhuset sin nye stol er gitt av Noregs mållag i Odda. Stolen er laga av Kjell Guddal i Skare og malt av Mette Torekoven. I ryggen på stolen er det laga ei bok med Frode Grytten-sitat. Litteraturhuset i Odda vil med dette takke alle som har vore med på å få til dette prosjektet – tusen takk!